Fredag er den siste dagen min ved UiA, og denne bloggen vert liggande brakk. Fagsidene for pedagogikk held derimot stand, og når vonleg nye høgder så snart etterfølgjaren min er på plass.
Nye bøker i mai
juni 4, 2008 · Kommenter innlegget
Under følgjer lista over tilveksten frå mai. Traurige greier? Følg med på bokmeldingar frå Utdanning via RSS og kom med innkjøpsforslag.

→ Leave a CommentKategoriar: Hyllenytt
Papirskredvarsel
mai 21, 2008 · Éin kommentar
Prosjekt E-tidsskrifter har rulla i gong, og fase 1 – “En kraftig reduksjon i antall løpende tidsskrifter som mottas i trykt form” er i ferd med å bli iverksett.
For tidsskrifta som vert betalt av mediebudsjettet tiltenkt Institutt for pedagogikk, vil dette få følgjer for papirabonnementa på følgjande tidsskrift:
→ 1 kommentarKategoriar: Tidsskrift
Nye bøker i april
mai 6, 2008 · Kommenter innlegget
Tilveksten i april er klar. I tillegg kan det nemnast at vi har fått nettversjonen av Encyclopedia of Language and Education.

→ Leave a CommentKategoriar: Hyllenytt · Uncategorized
Take-away-biblioteket
april 15, 2008 · 2 kommentarar
Inspirert av dei svake besøkstala for fagsidene mine undersøker eg korleis det fungerer å flytte informasjonsbitar ut frå UBA-veven.
Mange bibliotek eksperimenter med dette på ulike plattformer, t.d. har Joost Hegle ved UBiT gjort fagsidene sine tilgjengeleg i “eksportabelt” format hjå Protopage. Guus van den Brekel har utvikla biblioteksider for CMB Groningen i Netvibes. (At eg i første omgang gløymte å nemne Magnus Engers eminente Fjesbib for Facebook, røper vel med all ønska klarleik at eg i utgangspunktet ikkje er nokon nettsamfunn-entusiast.)
Eg er mest interessert i å utvikle slike modular for læringsplattforma vår. Hundre prosent av målgruppa mi er innom LMS-et vårt i løpet av studietida. Det er neppe meir enn ei handfull av studentane våre som brukar iGoogle, Netvibes, Pageflakes eller Protopage – og det er nok snakk om promillar som ønsker å sjå bibliotektenester på desse plattformene.
Eg har likevel ein viss sans for Netvibes, og har laga eit kjapt utkast til fagsider for pedagogikk. Synspunkt?
→ 2 kommentararKategoriar: Bibliotektenester · Current awareness
Når biblioteket fram på nettet?
april 10, 2008 · Kommenter innlegget
Som fagansvarleg bibliotekar for pedagogikk og lærarutdanning ser eg fagsidene som den viktigaste digitale kommunikasjonskanalen mot studentane.
Google-statistikken for bruk av fagsidene ved UBA er imidlertid temmeleg nedslåande lesing:


Først og fremst stadfestar statistikken kor nært bruken heng saman med undervising. Myten om at nettsidene har stor verdi i seg sjølv får ytterlegare eit skot for baugen om ein trekkjer inn tala for bloggen og Fronter-rommet.
→ Leave a CommentKategoriar: Bibliotektenester
Merka som: statistikk
Nye bøker, mars 2008
april 1, 2008 · 2 kommentarar
Lista over bøker som inntok hyllene på Gimlemoen i førre månad er klar.
→ 2 kommentararKategoriar: Hyllenytt
Søkekurs PED106
mars 9, 2008 · Kommenter innlegget
Det blir arrangert kurs i informasjonssøking for PED106. Kursinnhald:
Del 1 (29. februar):
- Den opne og den usynlege veven
- FEIDE-pålogging til BIBSYS med søking, bestilling og fornying
- Norske tidsskrift: Norart, Idunn
- Google Scholar
- Tilgang til abonnementbaserte ressursar via webproxy
Del 2:
Gruppe 1: 11. mars kl. 9.30 D3 001Gruppe 2: 14. mars kl. 9.15 D2 041
- Oppsummering og gjennomgang av erfaringar etter del 1
- Databaseverda: Bibsys Mime
- Internasjonale artiklar via Ebsco: ERIC, SocIndex og Academic Search Premier
- Nordisk: Bibliotek.dk – artikelsøg og Libris
- Formatering av oppgåver: APA 5th
Ressursar:
Kom gjerne med innspel til endringar i oppsettet via e-post eller kommentarfeltet.
→ Leave a CommentKategoriar: Kurs



