På sitt beste kan bloggverda vere eit verdfullt supplement til fagtidsskrifta med alternative vinklingar og forgreiningar til aktuell fagdebatt. Som utgangspunkt til ei skisse av den norske, pedagogiske bloggosfæren kan det vere greitt å ta utgangpunkt i HiA.
LeRon Shults har lukkast med Embracing the Delightful Terror of Reforming Theology. Shults skriv godt og ledig om faget sitt, og dreg nytte av eit internasjonalt nettverk. Bloggen må vel likevel karakteriserast som ein fagblogg, og ikkje som ein pedagogikkblogg.
I den reine pedagogikklassa er Garmannslund.no: en weblog om en Ph.D students refleksjoner og arbeid eit interessant prosjekt, men det kan gå lang tid mellom kvart innlegg. Mathisens Mentor-forum: innspill og utspill om mentoring og mentorer ansporar stundom til debatt, og har hausta innspel frå kollegaer nord til Tromsø. Spesielt interessant er samarbeidsprosjektet mellom HiA og PTTC i Kambodsja. I regi av Birgitte in Cambodia og Teaching and learning skal ein samarbeidsblogg mellom lærarstudentar etablerast.
Av utdanningsrelaterte bloggar i Noreg elles les eg helst Humaniorastudier i pedagogikk, ein blogg ført i pennen av ei forskargruppe ved Det utdanningsvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo. Læringsmiljø i skolen: en blogg fra Lillegården kompetansesenter er eit ferskt tilskott som blir artig å følgje. Meir sporadisk kan det kome lesverdige innlegg frå Petters fagblogg, HiT, og Pedbloggen, som er del av kurset “Pedagogisk bruk av IKT” ved NTNU. Også JaO’s blogg : Jan-Arve Overlands refleksjoner om det meste knyttet til egne studier og virke som lærer har eit klart fokus på IKT i læring, det same har bloggane med utspring frå Osahaugen på Rommetveit: IKT og læring og Guttorm Hveem: IKT i læring. I grannelandet vårt opererer Nätpedagogen i det same farvatnet. Internasjonalt finst det sjølvsagt ei mengde utdanningsrelaterte bloggar, sjå t.d. oversynet på AcademicBlogs-wikien.
Det er imidlertid uklart om bloggen har ein særeigen pedagogisk verdi, eller om verdien er begrensa til eksperimentering med “digital kompetanse”. Forskarar foretrekker vitskapelege publiseringskanalar, ikkje lågterskelforum. Kanskje vil nokre av tidsskrifta nærme seg bloggfunksjonalitet – og opne for kommentarar og hyperlenking? Open Access-tidsskriftet seminar.net : media, technology and lifelong learning kan abonnerast på i RSS-format, men skil seg frå bloggmediet ved at innlegga ikkje er opne for kommentarar og trackbacks.
Framover vil eg prøve halde ved like eit oversyn over norske pedagogikkbloggar som ei eiga side.

2 svar so far ↓
bibliotek // april 12, 2007 kl. 12:31 pm
Fredrik Paulsson har ei fin oversikt over svenske og internasjonale e-læringsbloggar her: http://www.frepa.org/wp/2007/03/23/blogs-about-ict-and-learning/
Blogg og bloggere « Læringsmiljø i skolen // september 17, 2008 kl. 3:12 pm
[...] er eit ferskt tilskott som blir artig å følgje” står å lese i bloggen fra Biblioteknytt for Fakultet for pedagogikk ved Høgskolen i Agder. Der finnes blant mye annet interessant en lang liste med [...]