1. Kva er RSS?
RSS er eit filformat som du kan lese i ein nyhendelesar.
2. Kven står bak – og kven brukar den?
RSS vart utvikla av Netscape i 1999 som ein abonnementskanal. No blir RSS (og konkurrerande Atom) brukt av nettaviser, bloggar og databasar til å formidle oppdatert innhald.
3. Korleis fungerer RSS?
Alle RSS-filer kan lesast i ein nyhendelesar. Som lesar slepp du å besøke kvar einskild blogg eller nettavis; nyhenda blir sendt som RSS til nyhendelesaren din.
4. Korfor er RSS viktig?
RSS er blitt ein relativt effektiv måte å halde seg oppdatert på den nyaste informasjonen.
5. Kva er ulempene ved RSS?
Det krev ein smule eigeninnsats å kome i gong. Dei beste nyhendelesarane (Bloglines, Google Reader) krev registrering og pålogging.
6. Korleis utviklar RSS seg?
Nettlesarar som Opera, Firefox, Flock og IE7 legg stadig betre til rette for automagisk oppdaging og abonnering på RSS
7. Kva for implikasjonar har RSS for undervising og læring?
RSS blir ein stadig viktigare del av tradisjonelle LMS (Moodle, Fronter, It’s Learning) . Samstundes spelar RSS-kanalar som bloggar og wikiar ei stadig viktigare rolle i nettbaserte læringsmiljø.
7 ting du kan abonnere på som RSS via ein nyhendelesar:
1. Bloggar, t.d. Birgitte in Cambodia
2. Nettaviser, t.d. HiAs Ukenytt
3. Informasjon om nye medier, t.d. doktoravhandlingar frå SV-fakultetet ved UiTeller program om Action Research frå Teachers TV
4. Innhaldslister frå fagtidsskrift, t.d. frå Journal of Teacher Education
5. Statistikk, t.d. utdanningsrelatert frå SSB
6. Informasjon om nye artiklar om eit bestemt emne, t.d. artiklar om/av Luhmann i SocIndexeller om skolebibliotek i LISTA
7. Informasjon om eit bestemt tema i norske medier, t.d. spesialpedagogikk… eller om Agder universitet
frå Sesam.no
Lenker:
- Educause: 7 things you should know about RSS (PDF)

0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.