1. Kva er Encyclopædia Britannica?
EB er det eldste, nolevande engelskpråklege leksikonet på marknaden. I det følgjande vil eg stort sett halde meg til nettutgåva, Britannica Online Academic Edition.

2. Kven står bak – og kven brukar den?
EB kom i første trykte utgåve i åra 1768-1771. I dag ligg ein del av innhaldet ope på britannica.com, medan UBA abonnerer på betalingsversjonen på search.eb.com.
3. Korleis fungerer EB?
EB er eit nettleksikon, og langt på veg ein nettportal. For å møte konkurransen frå Wikipedia, har EB lansert eit par nye tenester som kan vere veleigna til undervising, m.a. workspaces og timelines.
4. Korfor er EB viktig?
EB er viktig som kjelde til kvalitetssikra kunnskap.
5. Kva er ulempene ved EB?
EB tek lenger tid å oppdatere enn Wikipedia. Dei vel ofte å gå utanom kontroversielle tema.
6. Korleis utviklar EB seg?
Tenester som RSS, Open Search gjer Britannica spennande. Britannica er også søkbar gjennom Bibsys Mime. I tillegg kan alle bloggarar og nettforfattarar lenke til fullstendige artiklar i EB slik at alle kan få tilgang, t.d. om Comenius.
7. Kva for implikasjonar har EB for undervising og læring?
EB bør vere relevant som første stopp for oppdatering på bakgrunnstoff innan eit emne i konkurranse med Google og Wikipedia.
Lenker:
- Encyclopædia Britannica
- open.britannica.com
RSS frå Britannica – eit (nesten) fullverdig alternativ til tran


0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.