Pedagogisk biblioteknytt frå UBA

7 kjappe om Zotero

desember 14, 2007 · Kommenter innlegget

Zotero er eit verkty for bibliografisk referansehandtering. I motsetjing til EndNote og Reference Manager er Zotero gratis. Haken er at Zotero berre fungerer med nettlesarane Firefox og Flock.

Zotero

1. Kva er Zotero?zoteroword1.png

Med Zotero kan du enkelt byggje opp ein database over forskingslitteratur. Med eit lite tilleggsprogam kan du òg lage litteraturhenvisingar og litteraturlister i Word og Open Office Writer.

2. Kven står bak – og kven brukar den?

Zotero blir utvikla av Center for History and New Media ved George Mason University. Zotero er – ikkje overraskande – spesielt populær mellom Firefox-entusiastar.

3. Korleis fungerer det?

Så snart du har lasta ned Zotero og starta om Firefox (eller Flock), kan du samle inn litteraturen. Frå Bibsys, Ebscohost, Ovid og Amazon er dette svært enkelt. Du kan også lett lage kjeldeforteiknigar over bilete henta frå Flickr.

4. Korfor er Zotero viktig?

Zotero er gratis, og studentar kan fritt nytt programmet også etter studietida.

5. Kva er ulempene?

UBA yter per i dag ikkje offisiell brukarstøtte til programmet. Det er ein god del rusk ved import av bibliografiske data frå Bibsys, særleg fell årstalet bort.

6. Korleis utviklar Zotero seg?

Zotero utviklar seg raskt, og blir stadig betre. Gjennom Zotero Commons-satsinga kan det sjå ut til at det vil bli utvikla ei sosial fildelingsteneste for forskarar.

7. Kva for implikasjonar har Zotero for undervising og læring?

Zotero har potensiale til å bli eit svært viktig verkty i skulen i forhold til å byggje digital kompetanse. Så lenge programmet ikkje fungerer i Internet Explorer, har Zotero likevel ein begrensa appell til lærarar og lærarstudentar.

Ressursar:

Kategoriar: 7 kjappe om... · Zotero

0 kommentarar so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Kommenter innlegget