Pedagogisk biblioteknytt frå UBA

Take-away-biblioteket

april 15, 2008 · 2 kommentarar

Inspirert av dei svake besøkstala for fagsidene mine undersøker eg korleis det fungerer å flytte informasjonsbitar ut frå UBA-veven.

Mange bibliotek eksperimenter med dette på ulike plattformer, t.d. har Joost Hegle ved UBiT gjort fagsidene sine tilgjengeleg i “eksportabelt” format hjå Protopage. Guus van den Brekel  har utvikla biblioteksider for CMB Groningen i Netvibes. (At eg i første omgang gløymte å nemne Magnus Engers eminente Fjesbib for Facebook, røper vel med all ønska klarleik at eg i utgangspunktet ikkje er nokon nettsamfunn-entusiast.)

Eg er mest interessert i å utvikle slike modular for læringsplattforma vår. Hundre prosent av målgruppa mi er innom LMS-et vårt i løpet av studietida. Det er neppe meir enn ei handfull av studentane våre som brukar iGoogle, Netvibes, Pageflakes eller Protopage – og det er nok snakk om promillar som ønsker å sjå bibliotektenester på desse plattformene.

Eg har likevel ein viss sans for Netvibes, og har laga eit kjapt utkast til fagsider for pedagogikk. Synspunkt?

Kategoriar: Bibliotektenester · Current awareness

2 svar so far ↓

  • Birgitte K // april 17, 2008 kl. 11:47 am

    Utrolig interressant! Jeg er veldig for å bruke blogg. Antakeligvis skal jeg jobbe en del med Møt Henrik-delen av wergeland2008.no og det første jeg vil gjøre er å lage en Møt-Henrik-blogg for å gjøre sidene med synlige og brukt (Web 2.0). Jeg opplever at en del leverandører av websider (EZ, Digimaker) ikke har skjønner hvor viktig synlighet og RSS er.

  • bibliotek // april 18, 2008 kl. 9:39 am

    Eg har meir tru på å bruke læringsplattformer enn bloggar og nettsamfunn frå kommersielle leverandørar. Men læringsplattformene må vere fleksible og baserte på open kjeldekode.

    Eg har lenge hatt sansen for den Moodle-baserte læringsplattforma til Open University.

    Men eg ser jo at sjølv forelesarane ved OU migrerer til WordPress.

    Slikt kan sjølvsagt ha noko for seg når faget tilfeldigvis omhandlar interaktive media eller visuelle gadgets. Norskboka.no synest eg blir for tynn (vonar Leif ikkje les dette…).

Kommenter innlegget